IT-tenester frå Tussa

IKT-selskapet Tussa IKT er leiande i regionen innan IT-drift, infrastruktur og kommunikasjon. Gjennom si sterke og langsiktige satsing innanfor IT og kommunikasjon vil Tussa vere ein stabil samarbeidspartnar som gir eit solid fundament som andre verksemder i regionen kan utnytte, og dermed fokusere på å utvikle sine eigne kjerneområde. Vi ligg nær inntil dei fleste verksemder på heile Sunnmøre, og tilbyr høgt kvalifisert IT-kompetanse frå kontora våre i Ålesund, Ørsta og Dragsund. 

Vi har fokus på å levere profesjonelle tenester med høg kvalitet og sikkerheit. Vi tilbyr mellom anna IT-drift, ASP-løysingar, konsulent og rådgjeving, overvaking og helpdesktenester til private og offentlege verksemder. Vi leverer også det aller meste innan datautstyr og programvare, og har gode avtalar med dei største produsentane og distributørane i marknaden. 

Ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale om korleis vi kan hjelpe verksemda di med IT og kommunikasjon!

Tussa IKT AS, Langemyra 6, 6150 Ørsta | Sentralbord 70 04 62 00 | itsal@tussa.no | www.tussa.no/ikt
Handlevogn
Vis priser inkl. mva?
Varer: 0 StkSum: kr 0