Salsvilkår

Generelt

Desse salsvilkåra gjeld for leveransar frå seljar til kjøpar (kunde), med mindre anna er skriftleg avtalt. Der ikkje anna er særskild bestemt i vilkåra, gjeld lov om kjøp av 13.mai 1988 nr 27.

Levering

Levering finn stad i h.h.t. nærare avtale, tilbod, anbod e.l. Tidspunkt for levering følgjer elles vedtaka i kjøpsloven slik at levering har funne stad når varen er overlevert til sjølvstendig fraktførar. Når seljar sjølv står for leveringa, eller kunden hentar varen hjå seljar, finn levering stad ved overlevering til kunden. Ved levering går risikoen for gjenstanden sin tilfeldige undergang over på kjøpar. Dersom kjøper ikkje kan ta imot varen/gjenstanden til avtalt tid, vil lagring stå for kjøpar si rekning og risiko. Dersom seljar skal stå for installasjon av gjenstanden, er kjøpar ansvarleg for å klargjere installasjonsstad for utstyret, og syte for naudsynte tilslutningar eller liknande. Dersom seljar må klargjere installasjonsstaden, utan at dette er avtalt på førehand, eller seljar må nytte ekstra mannskap på grunn av bygningsmessige forhold, vil dette skje for kjøpar si rekning og risiko. Seljar har ikkje ansvar for feil eller forseinkingar som måtte oppstå som følgje av manglar ved installasjonar kunden er ansvarleg for. Alle sendingar går føre på kjøpar sin risiko.

Prisar

Alle gitte prisar er eks. mva. og frakt. Montering og igangsetjing (også instruksjon i virkemåte etc.) samt opplæring inngår ikkje i dei gitte prisane, men må avtalast spesielt ved den enkelte leveranse. Kostnader til frakt kjem i tillegg til avtalt kjøpesum både ved sending med sjølvstendig fraktførar og ved bedrifta sin eigen distribusjon av varer. Seljar kan etter avtale forsikre salsgjenstanden under transport for kjøpar si rekning. Dersom det i tidsrommet mellom tilbod/bestilling og betalingstidspunkt blir vedteke endringar i offentlege avgiftar og skattar, miljøgebyr eller det skjer endringar i forholdet mellom valuta til seljar sin leverandør og seljar med meir enn to prosentpoeng, har seljar rett til å belaste endringa hjå kjøpar ved auka kostnader og kjøpar har tilsvarande rett til å få tilgodeskrive endringa med lågare kostnader på seljars hand. Dersom kjøpar ønskjer å gjere endringar i avtalen, har seljar rett til å krevje endring av kjøpesummen og eventuelt endring av tidsplan. Slike endringar skal skje skriftleg.

Betaling

Kontraktsummen fakturerast ved levering og forfell til betaling i h.h.t. avtalt kredittid. Avtalte delleveringar fakturerast ved kvar enkelt dellevering. Kredittid er 14 dagar. Ved forseinkingar som skyldast forhold kjøpar er ansvarlig for (tilgang til lokale, naudsynte installasjonar osv.) skal betaling skje i h.h.t. opphavleg tidsplan. Krev kjøpar bankgaranti for sine betalingar, belastast kjøpar kostnadene for denne. Ved forseinka betaling belastast kjøpar forseinkingsrente i h.h.t. lov om renter ved forseinka betaling.

Reklamasjonsrett

Kjøpar har reklamasjonsrett berre for feil som skyldast fabrikasjons- og materialfeil. Reklamasjonsretten fell bort 12 mnd. etter levering, jfr.pkt. 2. Retten omfattar ikkje ordinært vedlikehald på produkt-et(ane), oppgradering etc. Reklamasjonsretten omfattar ikkje delar og arbeid som er ei følgje av normal slitasje, slik som batteri, skrivarhovud, mus, blekkpatroner o.l. Forsending til og frå seljar går føre på kjøpar si rekning og risiko. Er forseinkinga i levering forårsaka av forhold på kjøpar si side, varar reklamasjonstida frå den dag levering skulle ha funne stad.

Dersom slik reparasjon utførast hjå kjøpar, belastast reisekostnader, overnatting, diett, i tillegg til medgått reisetid basert på timesatsar. Reklamasjonsretten fell bort dersom det er gjort koplingar eller inngrep i varen utan seljar sitt samtykke. Det same gjeld dersom skade oppstår som følgje av ukyndig eller feilaktig bruk, mangelfullt vedlikehald, feil ved straum- og vassforsyning eller andre ytre påverknader, eller dersom betaling ikkje har funnet stad i h.h.t. avtale.

Reparasjon

Reparasjon etter utløpt reklamasjonsfrist eller av feil som ikkje fell inn under kjøpar sin reklamasjonsrett, kostast i sin heilskap av kjøpar. Dette er ein ordinær reparasjonsavtale, der kjøpar ber alle kostnader, inkl. frakt til og frå seljar sin verkstad, reisekostnader etc. For slike reparasjonar har kjøpar/kunde ein reklamasjonsrett på 6 månader for den/dei feil som er utbetra, frå det tidspunktet varen er ferdig reparert og stilt til kunden sin disposisjon for avhenting, eller frå det tidspunkt den er overlevert sjølvstendig fraktførar for sending til kunde. Reklamasjonsretten fell bort dersom det er gjort tilkoplingar eller inngrep i varen utan seljar sitt samtykke. Det same gjeld dersom skade oppstår som følgje av ukyndig eller feilaktig bruk, mangelfullt vedlikehald, feil ved straum- og vassforsyning eller andre ytre påverknader eller dersom betaling ikkje har funnet stad i h.h.t. avtale.

Erstatning

Ved misleghald av denne kjøpekontrakten kan den part som råkast krevje erstatning for dokumentert økonomisk tap etter alminnelege prinsipp for erstatning i avtaleforhold med følgjande avgrensingar: A. Det dekkast ikkje nokon form for indirekte tap som tid, tap grunna driftsavbrot, avsaknstap (tap fordi ein ikkje kan gjere nytte av instrumentet/utstyret), tap på grunn av at kontrakt med tredjepart fell vekk eller ikkje blir riktig oppfylt, eller skade på anna enn produktet. B. Erstatningskravet kan ikkje overstige kontraktsummen (eks mva).

Programvare/datautstyr

Kjøpar får bruksrett til levert programvare til bruk på det utstyret det er levert til. Kjøparen har ikkje rett til å kopiere dette til andre i nokon form. For tryggleiksføremål kan kjøper ta ein kopi av den leverte programvaren og oppbevare på ein trygg stad. For eventuelle standardprogram gjeld dei vilkår som medfølgjer frå dei enkelte programleverandørar.

Salspant

Seljar har pant (salspant) i dei selte gjenstandane til tryggleik for sitt krav på kjøpesum med tillegg av renter og omkostningar.

Teieplikt

Partane skal ikkje la uvedkommande få tilgang til opplysningar som gjeld den andre parten sine tekniske innretningar, personalforhold, forretningsmessige analysar og berekningar samt forretningsmessige løyndommar som parten får kunnskap om i samband med avtaleinngåing og gjennomføring av leveransen.

Retur/annullering

Retur av kjøpt utstyr kan berre skje etter skriftleg samtykke frå seljar, og for kjøpar sin risiko og rekning.